Eg veit ei bygd der havet mél og marmar om slipte skjer og kring ei steinut strand, og fjordar femner liksom sterke armar ikring eit flatt og nordvestpiska land. I elinger seg hav og himmel harmar, men gled seg stilt ein kveld i glo og brann. Den bygda gjester eg så titt i tankar. Ved namn og minne rart i barm det bankar. |
Ho kjem meg nær i tonar mjuke kveldar, i klang som kløkte hugen mang ein gong. Ho møter meg då morgon opp seg eldar, og lerkekoret stig og stig i song. Eg slåttonns-ekror ser med lubne feldar, – ei grornæm jord, ein himmel ardri trong! Eg enno jamt på barndoms stader leikar. På ungdoms vegar stilt ikring eg reikar |
Eg kjenner enno vestavinden hastar innover ulivd bygd, med sjø i rokk, – og rossut landvind vinterstider kasar seg over gard og grend med sop og fokk. Eg kjenner slit og strid sei aldri lasar, dei folk som bur der – ingen kjælen flokk. Men hardt og blidt og stridt seg saman sankar til det som bygda er i mine tankar. |
|
Om farne tider kviskrar segn og soge frå røys og haug og frå dei gamle namn. Her høyrdest høvdingord og vetaloge har lyst, med kongeskutor fann seg hamn. Her flakkfør tanke ut som fugl har floge, til strid, til fall, til open hug og famn, – No er det borte, det er andre tider, men gamalt lever att i nytt som strider. |
Så mangt er annleis no frå mine dagar. Det visna er så mang ein blomster blå, og andre rosor gror i gamle hagar enn dei som der ei vårtid eg fekk sjå. På gamle vollar nye tun seg lagar, og stiar gror til der vi før fekk gå. På barndoms stader nye ætter stullar med nye tonar i den song dei sullar. |
Men bygda ligg der som ho støtt har lege, så flat og låg, så grønn mot gråe hav, der båror enno slær som dei har slege i tusen år og gjeve liv og grav. Kor langt eg vanka, du har hugen drege med alt som du av frygd og sorg meg gav. Som blanke sjøen himmel, fjell og seglar, så inste hugen barndom, ungdom speglar. |
|